Notater : Ola Sverkeson fekk byksel på garden "AUSTIGARD" i 1780. I 1803 kjøpte han og fekk skjøte på halvparten av sæter på Brattset, som han betalte 48 riksdalar for. Parten i denne øydegarden er bruksnummer 9 og har ei skyld på 0,86. Ola Sverkeson var gift første gang med Brit Brynjulvsdotter, de hadde 11 born. 1.) Sverke, født 1780, gift 1811 med Marit Olsdotter Skjølsvoll, født 1785. 2.) Brynjulv, født 1782, gift 1807 med Guri Olsdotter Kvendbø. Dei byksla plassen Holten. 3.) Ola, født 1784, gift 1820 med Brit Olsdotter Kvendbø. Dei hadde plassen Sæmundstua på Kvendbø i Surnadal. Mellom borna deira var sonen Ola, født 1822, gift med Gjertrud Endresdotter Kvendbø. Dei kjøpte garden Ytre Holten på Eidet og har mange etterkomarar. 4.) Hallvard, født 1786, visstnok død 1832. 5.) Mali, født 1789, gift med enkemann og husmann Tore Ingebrigtson Sæterøy i Surnadal. Dei hadde sonen Nils Sæterøy, gift med Guri Toresdotter Moen, dotra Brit, gift med Ola Knutson Skei og dotra Maria. Familien Sæterø i Kristiansund er etterkomarane til Nils. Det var gode snikkarar og handverkarar i denne familien, og denne gåva hadde dei ikkje minst med seg frå Grytbakken. 6.) Guri, født 1791, gift 1823 med Tore Pedersn Tørset, husmann på Tørset. 7.) Jon, født 1793, gift 1822 med Guru Olsdotter Løset. Dei byksla plassen Glennhaugen på løset. 8.) Ola, født 1796, død 1808. 9.) Eli, født 1898, gift 1823 med Greus Olson Bolme. Langlimelen. 10.) Lars, født 1801, død 1810. 11.) Brit, født 1801, gift 1844 med enkemann, husmann Sivert Tølløvson Nergård. Brit Brynjulvsdotter døde 1801, og Ola Sverkeson gifta seg oppatt året etter med Johanna Larsdotter Rindalsholt. Med henne hadde han tre born. 1.) Ildrid, født 1803, gift 1830 med Ola Olson Landsem. 2.) Sigrid, født 1805, gift 1826 med Peder Johannesson Holten. 3.) Marit, født 1810,død ugift 1883. Dessutan borna Mali og Lars, som døde som speborn. Johanne Larsdotter døde 1832 og Ola Sverkeson året etter. |